Portrett av Arne Nordbø

Arne Nordbø · Finnøy

Kan eg hjelpe deg med noko?

Toastmaster, konferansier, møteleiar og humorist – med mykje latter og applaus på merittlista.

  • Bryllaup
  • Åremålsdagar
  • Selskap
  • Konferansier
  • Møteleiar

Om Arne

Arne er i sekstiåra, tidlegare elektrikar, men overlever no av å vera underhaldar. Stundom humoristar han åleine, andre gonger saman med andre.

Arne Nordbø får mykje latter og applaus som toastmaster i bryllaup, åremålsdagar og selskap. Ja, han er blant Rogalands mest erfarne toastmastarar. Dessutan er han ein gnistrande god konferansier og møteleiar.

Bedehusland og revy

Mange har blitt kjende med Arne gjennom Ryfylke Livsgnist sine «Vandring i bedehusland» og «Drivhus og bedehus». Saman med Tor Øyvind Skeiseid spelar han typar frå bedehusmiljøet, fortel historier og viser rundt på Finnøy.

I tillegg spelar Arne ein av Han Innante sine kammerattar når Han Innante har revy – og det er ofte. Gunvald Tuftene alias Arne Nordbø er den mest pessimistiske personen i vår Ryfylkegalakse, og ser svart på eit mørkt liv. Det blir det god humor av.

Anna engasjement

Arne har vore engasjert i Restauration på Finnøy. Han er også ein ihuga elbilentusiast.

Ta kontakt

Telefon922 39 177
E-postpost@arnefar.no
BesøksadresseJudaberg, Finnøy